14. juli 2017 - 10:00
Del det på:

Ose Motor festival | Ose, Aust-Agder, Norway | fredag, 14. juli 2017

Invitasjon til Ose Motor Festival, Reiårsfossen Camp på Ose i Setesdal 14-16 juli 2017.
Hei. I høve oppstart og etablering av ny festival på Reiårsfossen Camp med tilhøyrande jorder ynskjer me å invitere klubbar og foreiningar her på Sørlandet. Me vil arrangere ein festival som gjeng over to dagar, fredag-sundag. Området me har til disposisjon tillet oss å ta i mot alt frå bil, båt, MC, fly, sjøfly, traktorar, lastebilar, stasjonære motorar osv. For at det skal bli ein Motor Festival er me avhengige av at motorinteresserte kjem med sine kjøretøy og liknande. Me håpar at folk i størst grad kjem saman med sin klubb. Det vert konserter begge kveldane, Fredag kjem Vazelina Bilopphøggers og Stein Roger Sordal med band. Laurdag spelar bandet Popnagel og i tillegg arbeider me med eit fjerde band. Me ynskjer å tilby kvar klubb eit avgrensa område som desse kan lage sitt opplegg i, størrelsen på dette området er ikkje fastsett, men blir tilpassa etter behovet når det nærmar seg. Her kan den aktuelle klubben/miljøet presentere seg sjølv og sine køyretøy for alle som møter opp, me ynskjer og at kvart område vil ha noko å vise fram til eit gitt tidspunkt. Dette vil vere til dømes ein motor som skal startes opp, børning på treplank osv, alt som kan lage show. Dersom det blir ein del av slike framsyningar vil me kunne sette opp eit enkelt program som me vil følgje med speaker som vil samle publikum. Eit slikt utstillingsområde vil ikkje koste noko for klubben. Alle må løyse billett til konsertane om ein vil inn på festivalområdet, det må også betales for overnatting på festivalcampen. Me vil vere tydelege på at me ikkje ynskjer at festivalgjestene skal ha fest ute på utstillingsområdet, dette skal kun foregå inne på festivalområdet og festivalcampen. Me har stor forståing for at når dykk kjem med dykkar mest dyrebare «skattar» så ynskjer ein å sjå etter desse. Me vil derfor gi moglegheit for at ei campingvogn eller liknande med tilhørande fortelt/partytelt kan stilles opp på kvart utstillingsområde, der har kvar klubb ansvar for vakthald. For at me skal klare å «gape» over eit arrangement som dette og gjere det innhaldsrikt så er me avhengige av at kvar klubb tek eit visst eigarskap til sitt område og syter for å stelle til dette slik at det blir moro for publikum. Me har alt fått signal frå traktormiljøet i Øvrebø-Hægeland området at dei vil skipe til eit følgje frå Øvrebø og opp til Ose på Fredagen, avreise om lag 09.00. For meir info om dette kontakt: Ole Kristian Horrisland 91570606 Kunne dykk tenke dykk å vere med på noko som dette?? Send ein e-post til: post@osemotorfestival.no For meir info, ring Dreng Ose på 90561367 eller Erik Heistad på 46840283. Sjå ellers info på www.osemotorfestival.no