25. november 2017 - 11:30 inntil 16:00
Del det på:

Bornas Verdsdagar Førde 2017 | Førdehuset | laurdag, 25. november 2017

OPPLEVING GJENNOM DELTAKING
er mottoet for Bornas Verdsdagar Førde!

Laurdag 25. november inviterer vi igjen born i alla aldrar til å boltre seg på gratis miniverkstadar og prøve ut både dans, song og musikk i Førdehuset. Då er det nemleg klar for den åttande utgåva av Bornas Verdsdagar Førde av stabelen.

VERKSTADAR 2017

BOLLYWOODDANS
Du har kanskje høyrt om Bollywood? Filmane som kjem herifrå, Mumbai i India, desse fargesprakande og glitrande forteljingane, har mykje musikk og dans i seg. Navreet inviterer til dansande Bollywoodfest med deg som prins og prinsesse.
Passar for alle
Dansar: Navreet Kaur

SONGVERKSTAD FOR DEI MINSTE
Ein barnesongverkstad for dei aller minste (1-3 år). Forankra i norske tradisjonar leier Kari an i historiene og rørslene som høyrer til.
Passar best for 1-3 år
Musikar: Kari Malmanger

EVENTYRHOLA
Du kjem inn i ei magisk hole der grensene mellom det verkelege og forteljinga blir viska ut. Eit glimt av noko ukjent, men likevel gjenkjenneleg. Eventyra er spennande og gjev ein smak av ei anna verd.
Passar best for 4-6 år
Lesegledarar: Linda Gytri og Gard Eitungjerde Høyvik

DRAGEN PAN-GU
Korleis vart verda til? Det gjekk heilt garantert ikkje stille føre seg. I dette kinesiske eventyret får du vere med på ei skaping av verda i lydar. Rytmeinstrument vert delt ut, og kvart instrument får si rolle i forteljinga.
Passar best for 4 år og oppover
Musikar: Dimiter Stoianov

FELEVERKSTAD
Fela står sterkt i den norske musikktradisjonen, og her får du moglegheita til å prøve instrumentet sjølv. Ingrid lærer deg korleis du skal halde fela og stryke med bogen for å få lyd. Blir det ein song eller rare lydar som kjem ut? Visste du forresten at felebogen er laga av halen på ein hest?
Passar best for 6 år og oppover
Musikar: Ingrid Heieren

CAPOEIRA
Friske fråspark i den brasilianske nasjonalsporten. Capoeira er ei blanding av dans, akrobatikk, musikk og sjølvforsvar og passar for alle som likar ei fysisk utfordring. Ein nyttar både dans, song og musikk.
Passar for alle
Utøvarar: Bøye Martins Skeie og Ivar Fjellfindal

«FELEFLAUM OG SOGESTRAUM» - forteljarkonsert
Denne musikalske framsyninga er ein leiken og stemningsfull forteljarkonsert. Her får du møte jenta som spelar i huldrebryllaup og andre gamle eventyrskattar frå Vestlandet. Forteljingane vert fletta saman med musikk og song til ei heilskapleg oppleving for små og store. Framsyninga varer i ca 35 minutt og vert vist to gonger under Bornas Verdsdagar.
Passar best for 5 år og oppover
Utøvarar: Hanne B. Oftedal og Gro Marie Svidal

*****

SLIK FUNGERER DET
Alle verkstadane på Bornas Verdsdagar Førde er gratis, og det er inga påmelding. Berre møt opp utanfor kvar verkstad, så prøvar vi å få plass til alle.

Ei økt på verkstaden varer i ca 20 minutt, og det blir køyrd to verkstadar i timen. Det er lov å gå fleire gonger.

Verkstadane går i rom som er dekorerte etter temaet på verkstaden, og vi tek i bruk heile Førdehuset: Kjellaren, scena i storsalen, møterom, biblioteket, Musikkrommet, Eventyrrommet, Festsalen og Teatersalen.

I tillegg til verkstadane, kan borna kose seg med andre aktivitetar rundt i vrimlearealet på Førdehuset.

SCENE FOR LOKALE ARTISTAR
Verdsscena i Festsalen er staden for enkeltpersonar og grupper som har noko dei ønskjer å framføre for publikum.

INTERNASJONAL KAFE
Fargerike Førde, den populære internasjonale kafeen i regi av Frivilligsentralen i Førde, er også ein del av arrangementet i Førdehuset denne laurdagen. I utstillingssalen vil det bogne av mat frå mange land, så her er det råd å smake mat frå heile verda.

NB! Hugs å ta med kontantar, for kafeen har ikkje bankterminal.


Bornas Verdsdagar Førde er eit samarbeid mellom Førdefestivalen, Førde kommune, Fargerike Førde - Frivilligsentralen i Førde, Sogn og Fjordane Teater, Førde Biblioteket og Sogn og Fjordane Fylkeskommune.
kommentarer
  • Nedteljinga til Bornas Verdsdagar Verkstader har starta for fullt, og her er lista over verkstadane og aktivitetane du kan delta på i år: VERKSTADAR: - Bollywooddans - Eventyrhola - Songverkstad for dei minste - Dragen Pan-Gu - rytmeverkstad - Feleverkstad - Capoeira - Teaterframsyninga «Feleflaum og sogestraum» ved SOFt AKTIVITETAR og KAFÉ: - Ansiktsmåling - Teikneverkstad - Namneskriving på ulike språk - Verdsscene med innslag frå fjern og nær! - Fargerike Førde har kafé med matrettar frå heile verda