20. mai 2018 - 12:00 inntil 16:00
Finnesvegen, 5704 Voss, Norge
Del det på:

Mellomalderdag | sundag, 20. mai 2018

Bli med attende til mellomalderen og opplev liv og røre i Finnesloftet og i tunet til Finnegarden.

Program

kl. 12-16: Liv i Finnesloftet og i tunet til Finnegarden
Demonstrasjon av handverk. Aktivitetar for heile familien!

-Sjå korleis skomakaren, skreddaren, kammakaren, bogemakaren og mange fleire dreiv handverk i mellomalderen.
- Prøv deg som bogeskyttar med ekte langboge
- Kle deg ut i mellomalderklede og gå til fotografen i loftet
- Møt kalligrafen Bas Vlam. Kalligrafi er kunsten å skrive vakkert slik som munkane gjorde i klostra i mellomalderen. Hos Bas kan du både sjå denne gamle kunsten og prøve sjølv!
- Bli med på mellomalderleikar i tunet
- Prøv deg på tolking av runeinnskrifter
- Hesteriding
- Sjå mellomaldervåpen og rustningsdelar

kl. 13: Offisiell sesongopning
Kåseri v/ forfattar Signe Seim
Korinnslag v/ Songlaget
Helsing frå Hordaland Fylkekommune og Fortidsminneforeningen Hordaland avdeling

kl.14: Bli med på runejakt med runolog Kristel Zilmer (HVL)! Sommaren og hausten 2017 vart det gjort funn av fleire runeinsnkrifter og grafitti i loftet. Kva kan desse funna fortelje oss om bruken av loftet? Hugs lommelykt!

Framsyning av historisk kampsport v/ «Fekteklubben Frie Duellister» i tunet

Mellomaldercafé med heilgrilla gris frå Gardsslaktaren Selheim, økologisk rotmos og brød m.m.

Marknadsboder

Følg oss på Facebook for siste oppdatering om arrangementet!

Vaksne kr 80,-
Born kr 40,-
Born u/3 år gratis
Betaling med kort eller kontant i billettluka/matbua.

Eigne billettar for ridetur og aktivitetar med skinn og tinn. Kontant betaling

Medverkande på Mellomalderdagen:

Signe Seim er forfattar av det historiske spelet «Kvinnene i Loftet» der handlinga er lagt til Finnesloftet. Ho er fødd og busett på Voss og arbeidde som lærar fram til 1980, deretter forfattar på heiltid. Seim debuterte i 1960 med diktsamlinga Trø varleg, min fot. Ho har særleg dyrka lyrikken og har gitt ut ni diktsamlingar. I 1986 kom Her budde ein gong eit barn, ein prosalyrisk, psykologisk roman om jenteoppvekst. Seim fekk Hordaland fylkes kunstnarstipend i 1978. Ho fekk Sunnmørsprisen og Oslo domkyrkjes bokpris i 1986 for boka Her budde ein gong eit barn. Signe vaks opp som næraste nabo til Finnesloftet.

Bjørgvin Handverkslag driv med førhistorisk handverk, handverk frå mellomalderen og handarbeid av mange slag, i både metall, tre, bein/horn, tekstil, skinn mm. Hansverkslaget deltek på historiske arrangementr, marknader festivalar, med tidsrette drakter og utstyr, og demonstrerer arbeidsprosessar, held publikumsaktivitetar og viser fram og sel eigenproduserte historiske håndverksprodukt. Laget driver også med historisk artilleri som langbogar, handkanonar og kastemaskin.

Morten Kutschera er Honorary Research Fellow ved University of Exeter. Han jobbar med eksperimentell arkeologi med fokus på materiale som bein, gevir og flint. Noko han har jobba mykje med er rekonstruksjon av kammar fråajernalder og mellomalder.

Kristel Zilmer, Runolog ved Høgskulen på Vestlandet. Etter å ha fått ei melding frå ei gruppe studentar ved NTNU om mogleg runefunn i loftet, avdekka Zilmer fem nye runeinnskrifter i 2017 som aldri før har vore omtala eller publiserte.

Bas Vlam er kalligraf av yrke og har undervist, stilt ut og demonstrert i mange land og elskar bokstavar i alle variantar. Arbeida hans kan du sjå på heimesida , og du kan følgje ham på instagram #kalligrafbasvlam

Fekteklubben Frie Duelister (FKFD) trenar fekting og kampsport basert på europeisk, historisk fektekunst frå år 1000 til 1700. Fleire deltar også i internasjonale turneringer og på workshops rundt i Europa. Klubben har avdelingar i Bergen, Oslo og Tromsø. Dei har undervising i sverdtypane langsverd, montante, sverd og buckler, sidesword og rapir.

ARRANGØR:
Voss Vandrarheim

Finnesloftet på Voss er eigd av Fortidsminneforeningen