28. oktober 2019 - 13:00 inntil 16:00
Del det på:

"Mini - Open Space" - Ta ut heile potensialet i verksemda di | Ingebrigt Davik Huset | måndag, 28. oktober 2019




Vi har gleda av å invitere til ein ettermiddag der du, på rekordtid, kan få ny innsikt i å leie i kompleksitet.
Open Space Technology er ein utprøvd, og mykje nytta måte å arbeide med samskaping og høg grad av deltaking i endringsprosessar og problemløysing. Tilnærminga er særleg egna når ein vil ut av "silo - tenking" og bringe saman eit mangfald av interessentar for å finn farbare vegar saman på kort tid.
Tema for dette seminaret er: ” Korleis kan vi sleppe  til heile potensialet i organisasjonane våre”?               - kva utfordringar og moglegheiter ser du?
 Ei tid med kompleksitet, hurtige endringar, teknologi og høg kompetanse, utfordrar leiarskapet vårt. Har vi tankesett og metodar som kan sleppe til potensialet - og unngå å avgrense det meir enn vi må?
Denne ettermiddagen skal vi utforske spørsmålet, og samstundes erfare ein praktisk måte å møte det på i eiga verksemd.
Målgruppa er 
- formelle leiarar som har ansvar for endringsprosessar, og har som intensjon å arbeide med samskaping- alle som har ansvar for møter og vil heve sin kompetanse i å legge til rette møter som involverer og engasjerer- deltakarar i endringsprosessar ( kompetanse på å delta aktivt er eit viktig element i samskaping)
 Seminaret er høgaktuelt for alle som er involvert i kommunereforma og etablering av nye einingar.
 Dette seminaret står på eigne bein, og ingen organisasjon eller leiing tek ansvar for å føre arbeidet vidare. Det er opp til deltakarane å bruke innsikter og inspirasjon på beste måte i fortsettinga.
 Seminaret inngår i eit 3 - dagars kurs i ”å arbeide med bruk av Open Space Technology”. 
Hensikta er at kursdeltakarane, og andre frå deira verksemd, skal erfare metoden i praksis. Dette aukar læringsutbytte, og styrker implementeringa etter kurset. For dei som ikkje tek heile kurset, vil dette gje ei god innføring.



Les meir:


500 kr inkl. seminar og forfriskningar.

For meir info:
Hege Steinsland
900 53 221
hege@rela.no